Da Bussi ble født

Forhistorien til følgende historie er skrevet av Bjørn Sivesind. Han tok med denne historien i forbindelse med at han skrev et helt kapittel om meg i ”Årbok for Gjøvik nr.25 2009”. Jeg synes forholdet til Jon blir ekstra nært, siden moren hans tok imot meg da jeg ble født.
Ellers er jeg veldig glad i Nordfjordeid i sin helhet.
Bussi
 
 
Taterliv.
Penger har jeg ikke samlet,
unger har jeg mange av.
Landevegen vil jeg vandre,
til jeg stuper i min grav.
For den dagen kommer aldri,
at jeg angre vil på det.
Hadde ikke jeg fått jenta,
hadde aldri jeg fått fred.
 
 
Hilmar Bussi Rosenborg Karlsen ble født på nabogården til lensmannsgården i Nordfjordeid i 1953. Han vokste opp på Vestfossen, i Lyngdal, i Hallingdal, på Bergenskanten, i Stavanger, i Mandal, på Lista, i Gudbrandsdalen og i Kolbu – blant annet. Han begynte på skole i Ålesund og fikk sin første sykkel i Tønsberg. Som voksen og familiefar har han bodd mange år på Raufoss, før han flyttet til Gjøvik for 4 år siden. Han er døpt Hilmar, Rosenborg og Karlsen er slektsnavn, Bussi er et kallenavn hans tante satte på ham som liten, og som han ikke vet bakgrunnen for (men tror det kanskje er fordi han var veldig opptatt a busser), og som er det navnet han går under i dag.
 
Denne artikkelen er skrevet i nært samarbeid med Bussi Karlsen. Bussi tok kontakt med den nå pensjonerte lensmannen i Nordfjordeid, Jon Kjørstad, for å høre litt nærmere om omstendighetene rundt sin fødsel. Han fikk et langt brev tilbake, der Kjørstad forteller at det på førjulsvinteren 1952 flyttet inn to taterfamilier på nabogården, i noen hus som hadde stått tomme en del år. I en av familiene var en gutt på samme alder som han, 10 år, som het Kalle og fort ble hans beste kamerat. I brevet står det videre:
 
”Men han eg skal fortelja om låg på den tid framleis i magen på mor si, og var nesten ferdig til å komme ut. Ekteparet som venta barnet var Laura og Hilmar Carlsen. Laura var dotter av den på den tid kjende ”taterkongen” – om eg skal seia – Elias Borg. Det var ein mann som hadde stor respekt i vida krinsar.”
 
 
”På den tid i 50-åra, var det berre ein telefon på Kjørstad. Denne telefonen var plassert heime hos oss. Eg minnest godt den seine janurakvelden i 1953 at Hilmar Carlsen kom for å låne telefonen for å ringe etter jordmor. Kona, Laura, hadde fått veer. Vi ungane i huset var lagde, men eg hugser godt kor Hilmar ringde med denne telefonen. Det var ei lita sveiv på dette telefonapparatet, som ein måtte sveive med for å få ringesignalet til å gå til telefonsentralen. Dette var seint om kvelden, ca. kl. 23.30, men sjølv om Hilmar sveiva på denne telefonen så den nesten gløda vakna ikkje mannen som hadde vakt på telefonsentralen på Naustdal, nede ved sjøen. Det var ca. fire kilometer ned dit. Dette kunne sjølvsagd hende når ein verkeleg trong hjelp så kom ein ikke igjennom med telefonbeskjed. I dette tilfellet var det nesten krise, for her måtte jordmor på plass. Hilmar var heilt fortvila, Han spurde mor mi, Brynhild om ikkje ho kunne gå opp i denne raude vesle stova til Laura og vera der til jordmora kom. Mor mi var ei roleg dame, som ikkje var så lett ”å vippe av pinnen”, så ho gjekk opp til Laura. Mor mi si søster Inga var jordmor på Stadt på den tid, og litt hadde vel desse to søstrene pratast om slike ting – ikkje veit eg. Hilmar fekk i alle fall låna seg ein sykkel, og så måtte han i svarte vinternatta sykle, truleg på dårleg brøyta veg, ned til Naustdal. Vegen var både svingete og smal, med til dels mange stupbratte unnabakkar.
 
Det seier seg sjølv at det måtte gå nokre timar før enn at jordmora kunne komme, og då ho endeleg kom, hadde Laura nettopp fødd eit velskapt gutebarn, som sikkert skreik då han vart fødd. På den tid visste eller tenkte ikkje folk på at husa ikkje var isolert mot kulde, men folk var ikkje vande med anna enn enkle tømmerveggar, og måtte greia seg best dei kunne. Men trass i at dette var ei mørk og kald januarnatt, så gjekk det bra”.
 
”Ein dag spurde eg Kalle kva den nye broren hans skulle heite. ”Jau”, kom et kjapt, ”han skal heite SNEFUKEN, for det snødde då han vart fødd”.
 
”Eg vart politimann då eg vart vaksen, og var ferdig med politiskulen våren 1968, og fekk meg jobb i Stryn. Utpå seinsommaren 1968 fekk vi telefon frå ein Carlsen, som budde på ein campingplass i Strynebygda. Politiet måtte komme, for det hadde hendt noko som dei ville at politiet skulle sjå på. Det som vi skulle sjå på synte seg å vera ein bagatell – men Hilmar Carlsen tok meg i armen og peika på ein ung gut som stod eit stykke unna. Der er son min, han Hilmar Bussi, det var han som vart fødd i den vesle raude stova på Kjørstad i Hjelmelandsdalen ei mørk vinternatt i 1953. Det ”rann gjennom meg” sjølv om det var varme sommardagen, for denne guten hadde i hovudet mitt ikkje det namnet, men eit mykje flottare namn, nesten eit indianarnamn, for meg var han ikkje Hilmar Bussi, nei, for meg var han SNEFUKEN”.
 
Bussi ga i februar 2009 ut sin tredje CD, ”Høstdrømmars natt”, som har mottatt gode kritikker. Han har bestandig vært opptatt av sang og musikk, og har underholdt siden 1999. Han har musikalske røtter, både mor og far, besteforeldre og andre slektninger var dyktige sangere. Bussi er tater, har hele livet vært tater, og er svært stolt over å være tater. Han ser på det som en plikt – og en ære – å ta vare på taterkulturen, videreføre og videreutvikle den, spesielt sangen og musikken.