Referat fra ope møte i ungdomshuset Solvang 15. oktober 2014 kl.15.00-18.00

 

 

Med ein fullsett sal vart bygdafolk og pensjonistar ønska velkomen av leiar i Eid pensjonistlag til ungdomshuset Solvang, denne dagen med sol og fine haustfargar kring oss.

Saman med bygdafolk og pensjonistlaget med støtte frå Eid Eldreråd i kommunen var denne dagen triveleg.

Hjalmar Bussi Karlsen hadde eit ønskje om å få kome tilbake til Hjelmelandsdalen, å få sjå stova han vart fødd i på Kjørstsad.
I dag er han her hos oss, saman med sonen sin, og dei følte seg hjartleg velkomne.

Då han reiste herfra saman med familien sin, starta han på livsreisa si og no er han tilbake etter eige ønskje og eit levd liv.

Gjennom sangar, musikk og historier fortel han oss om tida si fram til i dag. Alt dette deler han opent med oss, og det var eit lyttande publikum i salen.

Det var servering av kaffi og te med natronkaker, kringler og andre kaker kring kl. 16.00 - Åresal og trekking. Det var også tid til ein pause til prat og sal av produktene hans.

Han fortalte om familien og tida deira her i dalen fortalt av foreldra. Han takka for hjelp og godvilje frå bygdafolket.
Song og forteljingar gjekk hand i hans med kjente og ukjente songar, avbrote med klappsalver frå salen.
Etter pausen heldt Bussi fram frå scena.

Fleire takkar han for hans opne forteljingar og fine songar.
På vegne av bygdafolket takka Trygve Espe, Bussi, fåde for song og musikk, og kom inn på at dei reisande sin kultur også er ein del av vår lokalhistorie.
I boka til Bussi er det ei fin fortljing av Jon Kjørstad om då Bussi var fødd. Boka til Bussi frå 2012 inneheld også andre innslag frå våre kantar. Espe retta også ei takk til publikum for godt frammøte,. I Solvang stilte 3 gonger så mange som i Operahuset kvelden før, og så kjekt at der var folk frå heile kommunen
Med desse orda fekk Bussi overrekt ein blomst med stor takk og applaus frå publikum, som tydleggjorde at vi var på bølgelengde.
Takk for ei fin oppleving.

Nordfjordeid, 17. oktober 2014
Marit Botn Lefdal. ref.